I dette sjette nummeret av skriftserien Skriftkultur rettar vi søkjelyset på eitt av skriftkulturens grenseland – nærare bestemt perioden der barn i alderen 0–8 år utviklar språk og vert innlemma i skriftkulturen og tekstsamfunnet.

Barn byrjar den formelle opplæringa i lesing, skriving og skriftspråk når dei byrjar på skulen, og då vert dei offisielt opptekne som aspirantar i skriftkulturen. Likevel er skulestart berre ei av mange hendingar i prosessen der barn vert deltakarar i skriftkulturen og tekstsamfunnet. Innlemminga i det skriftlege skjer, i tillegg til i skulen, både i barnehagen, heime og elles på fritida. Vi kan altså snakka om eit stort grenseland til skriftkulturen som omfattar den tida i livet og dei aktivitetane barn held på med før dei til fulle meistrar skriftspråket. Dette grenselandet vert ofte omtala som tidleg eller emergent literacy og er kjenneteikna av aukande språkleg kompetanse både med omsyn til verbalt språk og skriftspråk.

I dette temanummeret kan du lesa om korleis barn både vert innlemma og tek seg inn i tekstkulturen og skriftsamfunnet gjennom naturfaglege samtalar i barnehagen, songstunder, fagbiletboklesing, undrande samtalar om bokstavar, rolleleik, forteljingsskriving ved bruk av ressursar frå både populærkultur og skulekontekst, funksjonell skriveopplæring i skulen og eigeninitiert tekstproduksjon på fritida! Eit fellestrekk ved studiane er at barna som opptrer, anten dei er to, fem eller ti år gamle, aktivt utforskar og tileignar seg kunnskap om språk, tekstar og i siste instans, verda. Lat då desse aktivt arbeidande ungane vera dette temanummeret sitt synlegaste bidrag til den faglege samtalen om tidleg literacy, skriftkultur og lese- og skriveopplæring.

Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788202855604
Publisert
2025-04-28
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm forskning
Vekt
593 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Flerspråklig
Format
Product format
Heftet
Antall sider
308
Sjanger
Faglitteratur