Som psykolog vil ein stå overfor ei rekkje etiske utfordringar, både som behandlar og i andre roller. Denne boka om profesjonsetikk handlar nettopp om det, om korleis du kan bu deg på utfordrande situasjonar du kan møte som psykolog. Forfattarane viser korleis profesjonsetikken spring ut av det samfunnsmandatet psykologar har. Profesjonsetiske retningslinjer (EPNP) og gjeldande lovverk blir gjennomgått, og tema som teieplikt, bruk av tvang, fagleg tvil og rolleforståing blir grundig behandla. Kjennskap til grunnlagsetikk er eit viktig bakteppe for etisk refleksjon, og i eit eige kapittel blir dei viktigaste etiske teoriane presentert. Her viser forfattarane korleis teoriane gir ulike inngangar til etiske dilemma. Forfattarane illustrerer typiske etiske problemfelt gjennom gjenkjennelege vignettar der studentane blir inviterte til å bruke «Den etiske beslutningsprosessen» for å oppøve etisk refleksjon. Avslutningsvis blir forskingsetikk behandla i eit eige kapittel. Nina Dalen (f. 1960) er psykologspesialist, privatpraktiserande psykolog og tidlegare leiar av Fagetisk råd. Ho er dessutan medlem av «Board of Ethics», som er etikkomiteen til den europeiske samanslutninga av psykologforeiningar. Dalen har tidlegare bidratt i fleire antologiar om profesjonsetikk og blogga om etikk på psykologforeningen.no. Knut Dalen (f. 1954) er professor i klinisk nevropsykologi og privatpraktiserande psykolog. Han har vore leiar for Fagetisk råd og er no leiar av ankeutvalet for fagetiske klagesaker i Norsk psykologforening. Dalen har vore medlem i REK Vest, Den nasjonale komiteen for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk og det forskingsetiske ekspertpanelet til EU-kommisjonen, og er i dag medlem i Den rettsmedisinske kommisjon. Han har tidlegare gitt ut ei rekkje nasjonale og internasjonale publikasjonar og bokkapittel om profesjons- og forskingsetikk.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252194791
Publisert
2019-06-13
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
270 gr
Høyde
218 mm
Bredde
150 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
148