Ein god ven frå barndom, kanskje nokon blant dine nære, ei søster eller ein bror som du hadde eller har, som du titt hugsar på, blir avgjerande for vandringa og orda sidan. Ein god relasjon blir som ein bror som lever i tanken, i draumen, blir med i daglege gjeremål, på reiser i sumartid og i einsame vinterkveldar. Kanskje ber vi alle med oss ein bror med sterke jordnære og himmelske kvalitetar, ein bror som er vanskeleg å gripa, forstå, men som vi lengtar etter, anar, prøver å sjå i alt og alle rundt oss.Fred Arne Andersen (f. 1969), cand. med. frå Universitetet i Bergen, jobbar på sjukehus, har saman med familie, i kortare og lengre periodar, budd og virka i Afrika og Midtausten. Gjennom omskifte i livet har han gripe til poesien. Ei tidlegare diktsamling, Dine Augo, vart til bok i 2024.«I denne boken blir dagligdagse gjøremål og relasjoner mellom mennesker til vakker poesi.»Janneke Greve, bibliotekar«Ord som roper og bråker, undrar og beundrar,  leikar og likar seg ilag som brør. Forunderleg kor dei lagar liv og slit, desse orda …»Harry Valderhaug, politikar og tidlegare ordførar«Freds dikt er både innfølende og virkelighetsnære – ord som flyter fritt fra sinnet, som man kan føle seg hjemme i, som om de kunne vært ens egne tanker.»Silvia Sørhagen, kunstner
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788283984712
Publisert
2025-03-24
Utgiver
Inkognito Publisering DA
Vekt
199 gr
Høyde
206 mm
Bredde
136 mm
Dybde
14 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
85
Sjanger
Skjønnlitteratur