Ein poet skriv om skrivinga, om skrivelivet og kvardagen, om forventningane og røynda. Her er dikt med snert og sårheit om kvarandre. Poeten bedriv harselas med kultureliten og seg sjølv på same tid.

Var det dette?

Skulle eg slutte å skrive?

Det var jo det som var livet,

å skrive om livet,

at det sto om livet å skrive det ned.

Å dele med andre,

å lese opp, å gi det ut,

med sjokkarta bølger,

med uante følger,

det er det som er livet,

å skrive om livet,

det er det eg har øvd på,

det var dette eg var.

Alt eg skreiv

er alt eg har.

Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282881425
Publisert
2015-12-18
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Flamme
Vekt
43 gr
Høyde
190 mm
Bredde
122 mm
Dybde
2 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
18
Sjanger
Skjønnlitteratur