Brutale oppbrot. Risten veks opp i Danmark med sin norske far, Knut, og si danske stemor, Grethe. Heime i Noreg sit Ristens samiske mor, Rihtta. Risten får etter kvart namnet Kirsten og gløymer det meste av livet i nord - bortsett frå forteljingane om dei underjordiske som ho fekk høyre av si læstadianske bestemor, Áhkku. Kirsten er ofte så redd om kveldane at ho ikkje får sove, og ho ber dei kvenske bønene Áhkku lærte henne. Grethe og Knut er for opptatt med andre ting til å bry seg med Kirstens kvalar - for eksempel har Grethe ein god del hundar ho må mate, og fem vietnamesiske båtflyktningar i kjellaren. Etter kvart finn Kirsten trøyst i venskapen ho utviklar til den vietnamesiske guten Niels. Og som vaksen reiser ho tilbake til Noreg for å finne ut meir om kvar ho kjem frå. «Og sånn blei det» er ei barndomserindring om å bli trekt opp med rota. Med sitt sedvanlege skråblikk og glimt i auget fortel Maren Uthaug om familieløyndommar, overtru og forboden kjærleik. Til norsk ved Ingvild Holvik.
Les mer
1. norske utgave Oslo : Bastion, 2014
Dette er ei soge om omsorgssvikt, men fullstendig usentimental, ikkje minst på grunn av dei kløktige innslaga av ramsalt, svart humor. [...] Jamt over er Og sånn blei det ei så medrivande forteljing at ein kjenner at ein berre må lese meir av denne forfattaren, om ein ikkje alt har gjort det.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234007224
Publisert
2022-03-23
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
365 gr
Høyde
212 mm
Bredde
140 mm
Dybde
23 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
239

Forfatter
Oversetter