Unn går for langt inn i den frosne fossen, og Siss kjempar ein lang vinter mot frosten i sitt eige sinn. Jentene opplever først at der blir knytte band mellom dei på eit vis dei ikkje kan forklare. Dei er to av ei og ei i to.
Dette er ein roman om vaknande kjensler, om å vere åleine og framand i verda, om å vere barn og stå på terskelen til eit vakse medvit, og om det mørke grenselandet i sinnet der mange slags krefter, draumar og drifter strir om makta.
For Is-slottet fekk Tarjei Vesaas – som første norske forfattar – Nordisk Råds litteraturpris i 1963. Boka vart filmatisert i 1987 av regissør Per Blom og er omsett til ei rekkje språk. I 2005 samarbeidde Teatret Vårt og Det Norske Teatret om ei dramatisering av romanen.

Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205572553
Publisert
2022-12-21
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Lydfil
Orginaltittel
Is-slottet
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter
Lest av