"En vakker svanesang (...) Tekstene har en rå formidlingskraft, uten de store faktene. Det er nakent og hudløst, og det er imponerende å fylle mange prosaiske øyeblikksbilder med så mye meningsinnhold."

- Tor Martin Årseth, Namdalsavisa

"Tankevekkende og aldeles nydelig (...) Har du ikke stiftet bekjentskap med Genbergs forfatterskap ennå så vil jeg si at du har gått glipp av noe."

- Beathe Solberg, beathesbibliotek.no

Kven er vi, når vi legg alle korta på bordet for oss sjølve og gjer opp rekneskap? Kan vi finna ro i møte med den vi har blitt, og forteljinga om liva våre? Trekkje seg attende, snøstrimestilt er den fjerde boka i den kritikarroste krinsen om sauebonden og dei tre kjærleikane: Gud, sauene og mannen. Her møter vi ein forfattar som går seg sjølv nærare etter i saumane enn tidlegare. Boka er eit reflekterande oppgjer med trongen vår til å halde fast ved det gamle og vonde, i brytning med det gode. Kva vel vi å hugse, og korleis konstruerer vi vår eiga historie? Dette er ei lyrisk samling prosatekstar, fortalt med stor kraft og sakrale overtonar. Per Helge Genberg (f. 1959) er frå Lierne og bur i dag på Levanger. Han er pensjonist og bonde, har heile yrkeslivet arbeidd som byråkrat, og har hovudfag i nordisk språk og litteratur. Han debuterte med Finna kyrkjedøra i meg (2018), og har sidan gjeve ut bøkene Å bera nakne nyklar (2019) og Og prosjekta skal bleikne (2020). Familie: mannen Øystein og sauene Øyfrid, Velaug, Henriette, Kirsten, Gunda, Årolilja, Engel, Tordis, Lindborg, Bodhild og Sindrella Pauline.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788294055029
Publisert
2024-04-15
Utgave
1. utgave
Utgiver
Måken forlag AS
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
68
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter