Siste bok i soga om Floke. Floke er ein annleis vikinghelt, ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd. Ein dag får han eit viktig oppdrag: Han skal redde verda frå ragnarok. Men for å gjere det må han legge ut på ei lang reise. I denne siste delen av soga kjem Floke og venene endeleg fram til Åsgard, heimen til gudane. Der møter dei mellom andre Odin, men sjølv ikkje han trur på at verda skal gå under. Floke må ta saka i eigne hender, men korleis skal ein godlynt liten sprett hindre den store undergangen? I «Floke 3. Verdas ende» avsluttar teikneserieskapar Ida Eva Neverdahl den elleville og fantastiske forteljinga om Floke Skrufson. Som i dei to føregåande bøkene leikar ho seg med klassisk norrøn mytologi og stereotype vikingklisjear. Bok 3 byr på absurde situasjonar, humoristiske karakterar og ei overraskande vending mot slutten.
Les mer
Tittel fra omslaget
Men det stilistiske står alltid igjen hos Ida Neverdahl, når alt anna er vurdert. Med eit kunstarisk uttrykk som ikkje lar seg imitere . den lett surrealistiske leireaktige skjønnheita hos både figurar og omgjevnader, understøtta av genuint uventa og ofte bisarre narrative innfall . har Ida for alltid satt sitt merke på norrøn mytologitolking.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234008207
Publisert
2022-07-27
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Serie
Vekt
489 gr
Høyde
246 mm
Bredde
175 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
6-9
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
149

Forfatter
Illustratør