GRIP matematikk 1 grunnbok dekker kompetansemåla etter modul 1 i læreplan i matematikk for førebuande opplæring for vaksne (FOV).
Boka dekker dei heile, positive tala, addisjon, subtraksjon, målingar, tid og økonomi. GRIP matematikk 1 bygger vidare på Grip matematikk grunnmodul, og gir ein systematisk gjennomgang av grunnleggande matematiske emne. Praktiske eksempel frå kvardagen gir deltakarane motivasjon til å fordjupe seg i fagstoffet. Alle emna blir presentert med grundig teorigjennomgang og munnlege oppgåver under Snakk saman. Gjennom samtale utviklar deltakarane matematisk forståing, og bygger eigne strategiar for oppgåveløysing.
GRIP matematikk 1 arbeidsbok tilbyr eit rikt utval oppgåver til kapitla i grunnboka, og forslag til stoff som skal førast i kladdebok. Nettsida tilbyr fleire oppgåver og ressursar til bruk i undervisninga.
Rolf Asbjørn Almås underviser ved Forberedende opplæring for voksne i Bergen. Grete Angvik Hermanrud underviser ved Trondheim voksenopplæringssenter (Trovo).
Les mer
1. utgåve 2013
Produktdetaljer
ISBN
9788211044501
Publisert
2025-07-29
Utgave
2. utgave
Utgiver
Vigmostad & Bjørke AS
Vekt
586 gr
Høyde
270 mm
Bredde
190 mm
Dybde
11 mm
Aldersnivå
Fremmedspråklige voksne
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
193
Orginaltittel
Grip 1
Sjanger
Skolebøker