Denne læreboka er skriven for Vg2 treteknikk i vidaregåande skule og dekker bransjelære og teikning i læreplanen. Ho er skriven for å gi elevane grunnleggande forståing av kva som krevst av praktisk og teoretisk kunnskap innanfor trelastfag, limtrefag og trevare- og bygginnreiingsfag. Boka tar for seg sentrale emne som skogen som ressurs og råstoffkjelde, bransjane, miljø, arbeidstakar og arbeidsgivar i moderne industri, materiallære, kvalitet, produktutvikling og -design og teikning. Boka kan også vere nyttig ved undervisning i programområda design og trearbeid og industriell møbelproduksjon. Ho har eit enkelt språk og er rikt illustrert. Ved slutten av alle kapitla er det ei samanfatning av hovedinnhaldet. For at eleven skal bli trygg på den viktigaste informasjonen i kapitlet, har vi laga ei oppsummering med ei rekke kontroll- og fordjupingsspørsmål. Alle faguttrykka blir forklart etter kvart som dei dukkar opp i teksten. I tillegg til lærebøkene er det utvikla ein digital læringsressurs som bl.a. består av videoar som viser gjennomføring av sentrale produksjonsoppgåver.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788280210579
Publisert
2008-12-01
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vigmostad & Bjørke AS
Vekt
763 gr
Høyde
296 mm
Bredde
210 mm
Dybde
13 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
206
Orginaltittel
Bransjelære og tegning
Sjanger
Skolebøker
Illustratør