Frå lita pingle til farleg ørn Sam trivst best inne på rommet sitt saman med bestevennen Ørn, ein liten og glad undulat. I gata utanfor er det bøllene som bestemmer. - Du må aldri fly frå meg, seier Sam. - Pip, seier Ørn. - Bra, seier Sam. Ein dag ser Sam ei jente på vegen utanfor vindauget sitt. Ho freser rundt på ein sparkesykkel. Kven er ho? Kanskje ho vil vere vennen hans? Ørn er ei fargerik bok om vennskap og utanforskap. Men det er også ei bok om å vekse og bli sterkare, om til slutt å bli til ein stor, farleg ørn på jakt etter bøller. Martine Grande (f. 1985) kjem frå Lierne i Trøndelag. Ho er busett i Trondheim der ho jobbar med animasjonsfilm og barnebøker. Ørn er den fjerde boka hennar.
Les mer
«(...) Martine Grande nyttar samspelet mellom tekst og bilete til å skapa eit konkretisert, litterært biletspråk som alle kan vera med på. Slik blir «Ørn» ei fin historie om frykt og overskriding, samstundes som ho stimulerer barnet si språklege og konseptuelle utvikling.»
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234002458
Publisert
2021-01-05
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
356 gr
Høyde
232 mm
Bredde
220 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
3-6
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
36

Forfatter
Illustratør