Er eit andrespråk like vanskeleg å tileigne seg uansett kva morsmål innlæraren har, eller er det slik at strukturlikskapar mellom morsmålet og målspråket spelar ei rolle? Kan morsmålet til innlæraren påverke tempoet i tileigningsprosessen, og kan morsmålet ha noko å seie for kor dugande ein innlærar til slutt blir? Denne boka tar utgangspunkt i morsmåla til to av dei største minoritetane i Norge i dag, polakkar og tyskarar. For å få fram kva utfordringar polske og tyske innlærarar står overfor i møte med norsk setningsstruktur, blir verbalsyntaksen i norsk, tysk og polsk samanlikna. Hovudfokus ligg på inversjonsregelen, eit trekk ved norsk syntaks som skal vere vanskeleg å tileigne seg for andrespråksinnlærarar. Boka er mynta på studentar i norsk som andrespråk og lærarar som underviser utlendingar i norsk på alle nivå i skolesystemet. Men også andre med interesse for kontrastiv grammatikk vil kunne lese ho med stort utbytte. Roy G. Tveit, f. 1963, er utdanna lektor i språkfag, med andrespråkslæring som spesialfelt. Han har fleire års erfaring med norskundervisning for utlendingar, blant anna ved universitetet i Stavanger, i den vidaregåande skolen og på bedriftsinterne kurs.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788251927192
Publisert
2011
Utgave
1. utgave
Utgiver
Fagbokforlaget Akademisk
Vekt
177 gr
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
84
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter