Dette er standardverket som fortel mykje nytt og uventa om det du trudde du visste om Ivar Aasen. Ivar Aasen reiste lengre enn Marco Polo, hadde bøker på minst 20 språk og hugsa alt han hadde lese éin gong. Han var bonde.sonen og vegarbeidaren som moderniserte Noreg, grunnla den nynorske diktekun.sten og blei ein internasjonalt respektert språkforskar. Berre 22 år gamal bestemte Ivar Aasen seg for å finne det språket som alt var på folkemunne, og gjere dette til det norske språket. Offentleg sa han det først 16 år seinare og laga seg ein grenselaust ambisiøs arbeidsplan. Lesaren blir med Aasen landet rundt og livet gjennom i arbeidet hans med å oppfylle planen. Rekk han det han må få gjort?
Les mer
Sidetall hentet fra trykt utgave

Produktdetaljer

Publisert
2013-10-29
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter