Etter eit hektisk tiår i hovudstaden tar Agnes Ravatn mann og baby med seg frå Frogner og flyttar til den vesle vestlandsbygda Valevåg for å roe ned nokre hakk i permisjonstida. I eit nedfalls småbruk utan internett, omkransa av skog, fjell og sauer, milevis unna kulturandedammen i hovudstaden, snirklar dagane seg sakte forbi for den vesle familien. Kveldane går med til å drikke vin og samtale med den næraste naboen: vennen og forfattarkollegaen Einar Økland. Verda er ein skandale er stasjonære reisebrev frå eit halvår på bygda som tok ei uventa vending - og handlar om lykke, skriving, det enkle livet og jakta på det perfekte knekkebrødet. Tekstane er lett omarbeidde versjonar av essay som har stått på trykk i Dag og Tid. Opplesing: Agnes Ravatn
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252195484
Publisert
2017
Utgave
1. utgave
Utgiver
Det Norske Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Lydfil
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter
Lest av