Bilethoggaren Anders Svor (1864-1929) frå Hornindal er kjend for statuane og bystene sine. Han har mellom anna skapt portrettbyster av samtidsheltar som Fridtjof Nansen (1902, Nasjonalgalleriet) og Adolph Tidemand (1906, Kjerulfs plass i Oslo). I Oslo står også skulpturen Etter badet (1916) ved Bislett bad og Bølgen (1913) ved Skillebekk. I Porsgrunn finn vi Skibbrudd (1921), og Foyn-monumentet står i Svend Foyn sin fødeby Tønsberg. Svor var elev av Julius Middelthun på Kunstindustriskolen. I 1886, 21 år gamal, drog han til København og studerte ved København Kunstakademi. I åra 1886-1892 var han elev av Herman Vilhelm Bissen. Det store gjennombrotet fekk han i 1891 då han på den internasjonale kunstutstillinga i Berlin fekk gullmedalje for skulpturen David. Svor budde i Paris i 1894/1895 før han slo seg til i Oslo der han arbeidde resten av livet. Svor etterlét ei samling som i 1941 vart gjeven vederlagsfritt til Hornindal kommune, og i 1953 vart Svormuséet opna. I samband med markeringa av at det i 2014 er 150 år sidan Anders Svor blei fødd, gir Skald ut bok om kunstnaren i samarbeid med Sogn og Fjordane kunstmuseum. Boka er også utgitt i engelsk utgåve.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788279592082
Publisert
2014-06-30
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
875 gr
Høyde
245 mm
Bredde
203 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
175

Illustratør