Nå kommer Helge Torvunds illustrerte aforismer i samling; filosoFISK - Vol.1. Boken tar utgangspunkt i nettestedet med samme navn http://filosofisk.no  
  
Dersom Skøyarstreken har sin plass, og Genistreken har ein annan plass,   
så finst det nok ein plass midt mellom desse, der min strek bur.  
På denne staden er det ei bukt.  Og der har eg stranda.   
Dersom ein sit litt der, på ein stein, på ein kasse   
eller på eit flygande teppe,   
så kan ein høyra lyden av ei strand som klappar.  
Det er den lyden eg håper du òg skal høyre,   
nå når eg har sett strek og du har kjøpt denne boka.  
Men ikkje bli lei deg dersom du ikkje høyrer noko som helst.    
Du har sikkert bare gløymt å skru opp lyden.   
Eller så er det ikkje ei lydbok du har kjøpt.   
Lyd er oppskrytt.  
Då kan du bruka denne stranda til litt stille lengde.   
Så stille som det er på denne stranda, er så langt som du kan koma.   
Ser du eit stykke rekved, så løft på den. For under den kan du finna det underfundige.  
Ser du eit gåtefullt spørsmålsteikn, så legg det til sides. Det kan svara seg.   
Ser du ein gammal mynt, så ta han opp. Det kan fort betala seg.  
Og når du har betalt for denne boka,   
skal eg setja to strekar under svaret.  
  
Helge Torvund (f. 1951) er lyrikar, barnebokforfattar og psykolog.m Han debuterte i 1977 og fekk Nynorsk Litteraturpris i 1989. Dei siste diktsamlingane har kome i fleire opplag og fått mykje positiv omtale, og for «Alt Brenner» fekk Torvund Wildenveys Poesipris i 2016. Han har fungert som hovudmeldar av lyrikk for Dagbladet. Han er òg kjent som Diktlærar ved den nettbaserte skriveverkstaden Diktkammeret. Helge Torvund bur på Ogna i Rogaland.
                                
                                Les mer
                              
                                                          På omslaget: Vol 1. ; Dagen derpå kjem aldri ein dag for tidleg
                                                      
 
                                              Produktdetaljer
ISBN
                    
            9788281402348
      
                  Publisert
                     2017-10-30 
                  Utgave
                     1. utgave 
                  Utgiver
                    Wigestrand Forlag AS
                  Vekt
                     216 gr
                  Høyde
                     240 mm
                  Bredde
                     169 mm
                  Dybde
                     7 mm
                  Aldersnivå
                     Voksen
                  Språk
                    
  Product language
              Nynorsk
          Format
                    
  Product format
              Heftet
          Antall sider
                     64
                  Sjanger
                     Faglitteratur
                  Forfatter
                                              
                                          Illustratør