I verda finst over 7000 språk og mange fleire dialekter. Noreg er eit dialektland meir enn dei fleste, og hallingdialekta er ein del av dialektmangfaldet vårt. Det er berre me hallingar som kan føre denne delen av verdsarven inn i framtida.

På halling finn du oversikter over korleis ord og uttrykksmåtar er i hallingmålet, og du finn samanlikningar mellom halling, nynorsk og bokmål. Med dikt og songar, infoboksar og ei lita ordliste får du eit bilete av korleis dialekta blir brukt i dag, og korleis dialekta endrar seg.

Om mange skaffar seg kunnskapar om dialekta, aukar sjansane for at ho er i bruk også om hundre år. Ikkje akkurat slik ho er no, men framleis som ein del av det norske og globale språkmangfaldet.
Les mer
Utgivelsesår ikke oppgitt i publikasjonen

Produktdetaljer

ISBN
9788293762089
Publisert
2025-10-02
Utgiver
Nord-Aurdal Mållag
Vekt
447 gr
Høyde
24 mm
Bredde
17 mm
Dybde
12 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
112
Sjanger
Faglitteratur

Redaktør
Illustratør