Is-slottet (1963) er ein roman som representerer Vesaas på høgda av si skapande kraft. Boka fortel om venskapen mellom to jenter i gryande pubertetsalder, Siss og Unn. Unn går for langt inn i den frosne fossen, og Siss kjempar ein lang vinter mot frosten i sitt eige sinn. Jentene opplever først at der blir knytte band mellom dei på eit vis dei ikkje kan forklare. Dei er to av ei og ei i to. Dette er ein roman om vaknande kjensler, om å vere åleine og framand i verda, om å vere barn og stå på terskelen til eit vakse medvit, og om det mørke grenselandet i sinnet der mange slags krefter, draumar og drifter strir om makta. For Is-slottet fekk Tarjei Vesaas - som første norske forfattar - Nordisk Råds litteraturpris i 1963. Boka vart filmatisert i 1987 av regissør Per Blom og er omsett til ei rekkje språk. I 2005 samarbeidde Teatret Vårt og Det Norske Teatret om ei dramatisering av romanen.
Les mer
Dette er ein roman om venskapen mellom to småjenter, Siss og Unn. Einsemd og isolasjon er sentrale tema i boka. Unn går for langt inn i den frosne fossen, og Siss kjempar ein lang vinter mot frosten i sitt eige sinn.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205367081
Publisert
2007
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Vekt
106 gr
Høyde
186 mm
Bredde
116 mm
Dybde
19 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
156

Forfatter