Gyrid Axe Øvsteng (f. 1974) har studert teatervitskap og litteratur og er utdanna dramapedagog. Ho arbeider som dramatikar og var ein av tre studentar i eit toårig pilotprosjekt for dramatikarar. Tekstene hennar er oppførte ved Nationaltheatret, Det Norske Teatret og Det Åpne Teater. Ho debuterte med Køyr (oppført 2000). Ho har skrive einaktarane Ja! (oppført 2002) og Linedans (oppført 2003) samt kortteksten Understraumar (oppført 2001). Arv er hennar første heilaftens drama (oppført under Samtidsfestivalen 2005). Her var ho også representert med kortteksten Bussen (utgjeve i antologi 2005). ARV. Det var ein gong ei mor som hadde tre søner som heitte Per, Pål og Espen, dei ville ut å freiste lykka. Det var ein gong tre brør som hadde ei død mor og tinga etter henne og rett i søpla med dei. Det var Per og Pål og Espen og nett slik det skal vera, eg fann eg fann, kva fann du, kast det, eg har slikt å gjera og bera. Har slikt å bera, og det var nytt skin og søpla full av gull, det var gullgravarbrør og søkk i stolen. Dei gjekk og gjekk, det var mor i stolen. Gjekk og gjekk, kom aldri fram til døra. LINEDANS. "Det var ikkje mi skuld." "Sjølvsagt var det ikkje di skuld, det var ikkje nokon si skuld." "Nokon si skuld var det." Line er i ferd med å døy. Ved sjukesenga står foreldra Var og Streng og kjærasten Finn, kjempande om retten til Lines liv og død.
Les mer
Arv: Det var ein gong ei mor som hadde tre søner som heitte Per, Pål og Espen, dei ville ut å freiste lykka. Det var ein gong tre brør som hadde ei død mor og tinga etter henne. Linedans: Line er i ferd med å døy. Ved sjukesenga står foreldra Var og Streng og kjærasten Finn, kjempande om retten til Lines liv og død.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788275960427
Publisert
2005
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Transit
Serie
Vekt
110 gr
Høyde
110 mm
Bredde
209 mm
Dybde
8 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
93