Mykje meir enn ein fotballklubb. FC Barcelona er ein av verdas største og mest populære fotballklubbar. Over heile verda går folk med fotballtrøyer med Messi, Xavi og Iniesta på ryggen. Klubben er ei global merkevare og eit viktig symbol på katalansk identitet. Og ulikt dei fleste store fotballklubbar er FC Barcelona eigd og styrt av klubbmedlemmene. I boka "Barça. I kamp sidan 1899" går forskaren og fotballentusiasten Johannes Nymark på jakt etter klubben sin eigenart. Han fortel levande og kunnskapsrikt om kvifor el Barça er annleis enn andre fotballag og korleis klubben er knytt til katalansk politikk, kultur og samfunn. Området stod tidleg for modernitet, fridom, demokrati og kosmopolitisme, som også blei berebjelkar for FC Barcelona sin identitet. Nymark viser gjennom sentrale personar i klubben, mellom andre Cruyff, Maradona, Messi og Guardiola, korleis klubben har fått den identiteten katalanarane i dag forbinder med el Barça. Men kva gjer den nye økonomien med FC Barcelona si opphavlege sjel? Vil hopehavet med diktaturet Qatar gjera slutt på klubben sin identitet? Johannes Nymark (f. 1949) er førsteamanuensis emeritus ved NHH, der han har undervist i spansk språk,og historie, kultur og samfunn om Spania og Latinamerika ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon.
Les mer
Nymark har gjort eit framifrå arbeid. I form og stil minner Barça: i kamp sidan 1899 om eit essay . slentrande, men full av intellekt og spennande idéar. Heseblesande anekdotar og små detaljar bli vovne saman til eit oversiktleg bilete. Nørding er alltid kult!
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234004773
Publisert
2021-09-20
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
351 gr
Høyde
212 mm
Bredde
137 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
210

Forfatter