Læreverket Bedriftsøkonomi 1 høyrer til ein læremiddelpakke som saman med Bedriftsøkonomi 2 dekkjer studieretningsfaget bedriftsøkonomi (5 + 5 timar) på studieretninga for allmenne, økonomiske og administrative fag i den vidaregåande skolen. Denne arbeidsboka er ein del av læreverket i femtimarskurset bedriftsøkonomi 1 på vidaregåande kurs 1. Bedriftsøkonomi 1 omfattar i tillegg ei lærebok, økonomiske modellar (ligg føre både i Excel og Calc) og ei lærarrettleiing. Dei økonomiske modellane kan lastast ned gratis frå heimesidene til Økonomiforlaget på adressa www.okforlaget.no. Tilbodet omfattar både ferdigmodellar og rammemodellar. Arbeidsboka inneheld plass til løysing av nokre av oppgåvene i læreboka. Oppgåver som må løysast på eigne ark, er merkte spesielt. I eigne kapittel finn du også læreplanen for faget tilleggsoppgåver som følgjer kapittelstrukturen i læreboka omtale av dei økonomiske modellane (basert på Excel) svarliste For å gjere det enkelt for eleven å arbeide ut sin eigen arbeidsperm i faget er arbeidsboka perforert og hola.
Les mer
Arbeidsboka inneholder løsningsplass til noen av oppgavene i læreboka. I tillegg inneholder boka læreplanen for faget, tilleggsoppgaver, beskrivelse av de økonomiske modellene og svarliste.

Produktdetaljer

ISBN
9788278022498
Publisert
2005
Utgave
5. utgave
Utgiver
Vendor
Økonomiforl.
Vekt
622 gr
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Ark
Antall sider
212