Florø blei grunnlagt i 1860 i samband med det rike sidefisket ikring øyane i Kinn prestegjeld. Men silda vart snart borte, og byen og omlandet stagnerte. Mange av dei som hadde flytta ut til kysten frå innlandet fekk merke harde kår - det blei så gale at ein starta innsamlingsaksjon til hjelp for dei naudlidande. Nokre år seinare kom silda att, og det vart nytt liv, både for fiskarbonden og bymannen. Historia om Flora bind 2 tek føre seg perioden frå 1860 og fram til 1945 og fortel korleis menneska har levd og livberga seg på kysten av Sunnfjord i ei tid med store endringar. Dampskipet, snurpenota, telefonen, skulestova, lokalavisa - ei mengd ulike materielle og åndelege framsteg sette preg på byen og bygdene våre. Men utviklinga gjekk som ein storm med høge sjøar - økonomisk krise og nedgangstider avløyste velstand og utvikling. I krigsåra 1940-45 var Flora ein del av Festung Norwegen, med stor tysk aktivitet. Boka er rikt illustrert. Utgitt i samarbeid med Flora kommune.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282401043
Publisert
2016-10-20
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Vekt
1500 gr
Høyde
286 mm
Bredde
225 mm
Dybde
24 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
312

Forfatter