Kjartan FløgstadDalen Portland Dalen Portland er ein underhaldningsroman, ei karnevalistisk forteljing med djupe røter i den pikareske romanen. Sjømannen Rasmus Høysand er eventyrfiguren på stadig reise ut i verda, med eit lager av fantastiske forteljingar og historier. Industriarbeidaren Arnold Høysand representerer den lokale utviklinga på industristaden Lovra. Sentralt i romanen står feiringa av tilværet og ikkje mist trua på den skapande krafta i folkeleg erfaring. Dalen Portland rommar både samfunnsanalyse og politisk satire, og blir rekna som eit av dei mest sentrale verka i Fløgstads forfattarskap. Fløgstad fekk Nordisk Råds litteraturpris for Dalen portland i 1977.
Les mer
Ein roman om vår nære fortid og vår enda nærare samtid, om bygda som møter industrialiseringa og går inn i den internasjonale kapitalismen. Vi følgjer generasjonar og individ gjennom vårt hundreår, og det er særleg to personar som samlar interessa om seg. Rasmus Høysand er individualisten som hamnar mange stader rundt i verda og opplever underlege ting. Den andre er Arnold Høysand, han som utan motstand fell på plass i det sosialdemokratiske samfunnet som blir bygt opp rundt han. Kring desse to utfaldar det seg mange lagnader og miljø.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252157352
Publisert
2000
Utgave
4. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
183 gr
Høyde
184 mm
Bredde
115 mm
Dybde
19 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
291

Forfatter