Denne artikkelsamlinga freistar å problematisere den ferdigheitstenkinga som langt på veg pregar norskfaget i skulen dag. Forfattarane utforskar danningsomgrepet, og framhevar at nettopp dette kan vere med på å danne ei motvekt mot for mykje målstyring og instrumentalisme i skulekvardagen. Artiklane tek for seg emne som bruk av tekstar frå norrøn tid og korleis det framande kan ha i seg eit stort fagdidaktisk potensiale, korleis disiplinen talemål kan fungere som fagdidaktisk kategori og danningsfenomen, kva som skjer i møtet mellom multimodale og litterære tekstar, korleis rammene er for val av litteratur i klasserommet og danningsomgrepet si historie i norskfaget. Sjølvoverskridinga utgjer ei overbygning for dei ulike bidraga, og eit kritisk blikk på fenomenet danning går som ein raud tråd gjennom heile artikkelsamlinga. Forfattarane har som ambisjon å teoretisere over og tenkje prinsipielt på norsk fagdidaktikk, og opningsartikkelen drøftar spesielt nokre viktige retningslinjer for norskfagleg arbeid i klasserommet. Artiklane er eit viktig bidrag til ein norskdidaktisk debatt, og rettar seg mot den allment interesserte lesaren. Sveinung Nordstoga er dosent, Kirsten Linnea Kruse er høgskolelektor og stipendiat, Petter Bjellås er høgskolelektor, Kjærsti Skjeldal er høgskolelektor og Bernt Øyvind Thorvaldsen er førsteamanuensis, alle ved Institutt for lærerutdanningsfag, Høgskolen i Telemark.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788279353669
Publisert
2014-11-11
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Abstrakt
Vekt
390 gr
Høyde
228 mm
Bredde
165 mm
Dybde
13 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
219