Ein eigen klangplass der levande ord møter levande tonar. Prosa- og diktlinjene til Fosse og komposisjonane og improvisasjonane til Seglem smeltar saman til noko heilt eige. Ikkje mainstream dikt, ikkje mainstream jazz, ikkje mainstream folk - men Jon Fosse - Karl Seglem. På mange måtar arbeidar desse to kunstnarane med mykje av det same - på kvar sine felt. Dei står begge i det vestlandske. Klangane, fargane og pusten frå det særprega fjord- og fjellandskapet i Sogn og Hardanger har set tydelege avtrykk i det dei skapar. Dei formidlar på kvar sin ulike måte gjennom ord og tonar, fasinerande spenningar i og av klang. To sterke stemningskaparar. Dei maktar begge å forma ny klang ut frå noko "enkelt". Noko reinskore ut av lite.
Les mer
Forfattaren les eigne dikt lydlagt av Karl Seglem.
1 CD. ISBN ikke trykket på CD-en. NORCD 0557

Produktdetaljer

ISBN
9788281810006
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
NOR-CD
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
LydCD

Forfatter
Komponist
Lest av