Denne boka handlar om litteraturformidling ansikt til ansikt - direkte møte mellom formidlarane og dei det blir formidla til. Forfattarane skildrar ei rekke formidlingspraksisar der små bibliotek i Sogn og Fjordane samarbeider med barnehagar og skoler på ulike vis. Felles for desse formidlingspraksisane er at dei set barn og unge sine interesser, lyster og kunnskapar i sentrum, og at dei er utvikla ut frå konkrete behov i dei ulike lokalmiljøa. Forfattarane bruker teoretiske innsikter om litteratur og om vårt forhold til språket og verda til å sette ord på kva formidlinga tyder for dei involverte. Dei synleggjer òg kor stor tyding økonomiske rammevilkår og politiske føresetnader har for å kunne drive litteraturformidling av høg kvalitet. Boka gir ny kunnskap til forskinga innan bibliotek-, litteratur- og kommunikasjonsfag, og er særleg aktuell for studentar, bibliotekarar, lærarar og andre litteraturformidlarar. Forfattarane viser korleis ein kan tenkje systematisk og vitskapleg om eigen praksis, og bidreg slik til å styrke fagleg og profesjonell dømmekraft.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788202615864
Publisert
2020-04-14
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm Akademisk
Vekt
420 gr
Høyde
239 mm
Bredde
169 mm
Dybde
14 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
219