«Naustlandet gir eit balansert syn på noko som openbert er eit dilemma. Ein meir smidig og forenkla sakshandsaming verker å vere betre enn å gjere alle desse nausta om til «livlause» museumsgjenstandar.
I Naustlandet seier dei mange fotografia til Apneseth meir enn tusen ord, for fotografia syner at det står sånn passeleg til med nausta langs kysten.
Fotografia lukkast å fange brytninga mellom gammal og ny tid i korleis nausta er dimensjonert i landskapet.»
- Gro Jørstad Nilsen, Bergens tidende
«Ein fin ting med Naustlandet er at ein faktisk får lyst til å bidra med å redde naust, og boka inneheld ei fin oversikt over aktuelle kandidatar langs heile kysten. Dersom du er nevenyttig og har tid til overs, så skaff deg Naustlandet. Ikkje minst fordi boka oppmuntrar til vedlikehald av ei anna særeigen, norsk kulturtradisjon, nemleg godt, gammaldags dugnadsarbeid.»
- Gro Jørstad Nilsen, Bergens tidende