Vinner av Brageprisen for barne- og ungdomsbøker 2021 Nominert til Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok 2021 Eg ser han for meg no: Det snør så vidt, han dreg ei hand gjennom det svarte håret. I det same gløttar han opp på meg, smiler fort, før han løftar ein liten ryggsekk ut av bagasjerommet. Har han reist så lett, må han vere ein av oss. Eit anna blikk er ei forteljing frå eit flyktningmottak i Nord-Noreg. Her bur atten afghanske gutar, derimellom Anwar, som elskar bøker og språk og blir kalla Professoren. Ein dag flyttar Walid inn på rommet hans. Walid er Anwars rake motsetning, ein sjarmerande opprørar og glimrande fotballspelar. Gradvis oppstår eit vennskap mellom Anwar og Walid. Men kvardagen på mottaket er hard, framtida uviss: Kven av dei - om nokon - vil få lov til å bli i Noreg?
Les mer
"Eit anna blikk er ei brennaktuell bok om mindreårige afghanarar på flukt (...) Erlend Skjetne jobbar sjølv som lærar i asylmottak, og med denne erfaringa greier han å nyansere det stereotype biletet mange nordmenn har av mindreårige asylsøkjarar. Ein roman til ettertanke."
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282884594
Publisert
2021-07-30
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Flamme
Serie
Vekt
420 gr
Høyde
211 mm
Bredde
137 mm
Dybde
21 mm
Aldersnivå
12-16
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
226

Forfatter