Ein morgon skjer det noko underleg på slottet. Kongen koser seg med frukosten, og prinsesse Rosenraud ventar på at tenestejenta Marie skal smørje henne ei brødskive. Men plutseleg stivnar Marie til og kan ikkje røre seg. Kongen ropar på den trufaste tenaren Ludvig, men heller ikkje han kjem seg av flekken. I den vakre rosehagen utanfor slottet blir det brått kaldt, og blomstrane visnar. Kva i alle dagar er det som går føre seg? Jau, det står heilt stille i hovudet til forfattaren - han har fått skrivesperre. Rådlaus går han frå skrivebordet og overlèt eventyrfigurane til sin eigen skjebne. Men kongefamilien let seg ikkje knekke og gir seg i veg for å leite etter forfattaren ... Frå 8 år
Les mer
Eit eventyr om ein konge, ei dronning og ei prinsesse som bur i eit slott med ein vakker rosehage. Men ein dag får forfattaren av eventyret skrivesperre, og handlinga stivnar. Blomstrane visnar i rosehagen og tenestefolka kan ikkje røre på seg. Kongefamilien må plutseleg klare seg utan instruksane til forfattaren. Men dei gir seg ikkje, og drar ut på ei reise for å leite etter han.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788279590897
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
485 gr
Høyde
247 mm
Bredde
170 mm
Dybde
17 mm
Aldersnivå
6-9
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
124

Illustratør
Oversetter