«I kistene gøymde forfedrene sine kjæraste skattar. Nærare hjarta kom du knapt. Kom det ein rosemålar forbi fekk desse gøymestadane dei vakraste fargar og roser dei såg seg råd til. Eit eventyr av kulørte og sikre penselstøk med sveivar, blomar, knuppar og blad. Namnet til eigaren og årstal med elegant svung på framsida. Kansje og nokre figurar og rosesveivar skjult under loket. Arbeid utan signatur. Folkekunst av høg klasse.
Kven var desse bygdekunstnarane som gav oss all denne vakre dekoren? Nokre har me kjent til, men dei fleste har vore gløymde, eller fått ein stad godt inne i den ukjende skuggen. Med denne boka av Sverre Strandenes vert me gjort kjendt både med kunstnarane og historiane bak. I eit grundig arbeid får me her greie på stilarter, påverking, historiar og reiseruter til desse, ofte vandrande målarane. Ei bok full av fargerike opplysande bilete teke av forfattaren sjølv. Ei vakker bok som dokumenterer og gjev oss nyttig og inngåande oversikt over denne folkekunsten, men som også vil vera med og auka verdien og forståinga til desse arvestykka inn i framtida»
Guttorm A. Rogdaberg, tidegare statsstipendiat KKD og kulturvernarbeidar

Read more
Utgivelsesår ikke oppgitt i publikasjonen
Product details
ISBN
9788253304304
Published
2024
Publisher
Don Strandini enterprises Strandenes
Weight
1600 gr
Height
270 mm
Width
220 mm
Thickness
32 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Bokmål
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
329
Genre
Faglitteratur
Author