Som liten gut kakka Knut Hamre på dørene til alle naboane i Granvin i Hardanger. Han stod utføre med felekassen i handa. Han berre måtte spela for seg sjølv og for andre. Sidan den gong har livet hans handla om å spela hardingfele og å læra dette vidare til nye generasjonar. Knut Hamre (f. 1952) er rekna for å vera ein av dei fremste utøvarane på hardingfele i dag. Han er ein felepoet og ein felemeister. Benedicte Maurseth har i 23 år samanhengande vore Hamre sin elev og er i dag sjølv ein framifrå og velkjend felespelar. Når ho ser attende er det samtalane som har vore det viktigaste i opplæringa. Dette er ei bok med samtalar om blant anna kunst, dikting, medkjensle og mystikk mellom meisterspelemannen Knut Hamre og hans elev, Benedicte Maurseth. Boka tek for seg kva det vil seie å føre vidare kunnskap og handverk gjennom generasjonar. Med føreord av Jon Fosse.
Read more

Product details

ISBN
9788252183191
Published
2014-04-24
Edition
1. edition
Publisher
Det Norske Samlaget
Weight
389 gr
Height
198 mm
Width
138 mm
Thickness
20 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
234
Genre
Faglitteratur