Team Berlin er ei rå og usminka skildring av Europa i unntakstilstand

I februar 2020 ramma det dødelege koronaviruset Europa. To år seinare, i februar 2022, invaderte Russland Ukraina. På berre to år opplevde Europa dei største krisene sidan andre verdskrigen. Hausten 2025 er pandemien over, men krigen held fram. Millionar har mista livet.

Nordfjordingen Roger Sevrin Bruland (f. 1977) var som NRKs Europa-korrespondent med base i Berlin tett på både sjukehuskaoset i Italia og krigens gru i Ukraina. Han formidla den brutale røyndomen rett inn i norske heimar – usminka og nær.
I denne rikt illustrerte boka fortel Bruland om møta med menneske, både dei utan makt og dei som sit med makta, på reiser i eit Europa i unntakstilstand. Han skildrar også korleis han bygde eit lag som leverte journalistikk i verdsklasse. Sidespor tek oss til Balkan, Thailand – og heim til Nordfjord.

Read more

Product details

ISBN
9788269428605
Published
2025
Publisher
Rasmushuset AS
Weight
1000 gr
Height
240 mm
Width
190 mm
Thickness
30 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Genre
Faglitteratur

By (artist)
Foreword by