Å bake med surdeig er så enkelt som berre det - og samstundes eit mysterium. Dette er ei funksjonell og praktisk kokebok for deg som vil bake dine eigne surdeigsbrød.
Boka tar for seg ulike omgrep kring surdeig, oppskrifter på fleire typar deigar, den viser korleis ein startar og matar ein surdeig, og gir råd om korleis ein bakar for å få best resultat. Her er oppskrifter på lyse, mellomgrove og grove brød, og også nokre spesialbrød, både syrlege og milde. Du får 23 gjennomprøvde oppskrifter, underhaldande tekstar og tips, og også ei ordliste over viktige baketermar.
Martin Johansson er heimebakaren bak den populære bloggen «Pain de martin». Han har skapt bakefeber med denne boka i sverige, og har også gitt ut boka «Enklare brød», om kna- og eltefrie brød.
Read more
Product details
ISBN
9788252179675
Published
2011-08-10
Edition
1. edition
Publisher
Det Norske Samlaget
Weight
441 gr
Height
217 mm
Width
194 mm
Thickness
15 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
103
Original title
Surdegsbröd
Genre
Faglitteratur
Author
Translated by