Solveig Mork Holmøyviks bok om kvinner og raseri er både informativ og øyeåpnende. […] Det gis slående eksempler på hvordan kvinner viser raseriet sitt. […] Et leseverdig stykke sinnemestring.

- Silje Bekeng-Flemmen, Klassekampen

«Jeg har aldri blitt så hissig av en bok før! […] Det [er] en bok jeg oppfordrer, om ikke alle, så hvert fall alle kvinner til å lese, dersom du ønsker å bli eitrende forbannet på verdens urettferdighet, både før og nå, samtidig som du vil føle søsterskap og solidaritet med sinte kvinner som tar opp kampen, og i tillegg komme i kontakt med og få bedre forståelse for eget sinne: Phew! Det er en liten bok som rommer mye, og den er mesterlig komponert.»

- Tone Wang Stinessen, Bergens Tidende

Solveig Mork Holmøyvik var ei sint lita jente som vaks opp til å bli ei veloppdratt kvinne. Så vart ho mor og forstod at sinnet berre hadde lege i dvale. Når det no hadde vakna til live: Korleis skulle ho handtere det? Måtte sinnet temjast, eller kunne det gå an å bli ven med det?      

Ro deg ned! Om kvinner, sinne og solidaritet er forfattarens reise i sitt eige raseri. Samstundes undersøker ho temaet frå mange synsvinklar: psykologisk, politisk, kulturelt og biologisk.
 
Kvifor blir vi sinte? Er det framleis slik at vi toler mindre sinne frå kvinner enn frå menn, til og med når sinne er heilt på sin plass? Og korleis har sinte kvinner blitt oppfatta gjennom historia, frå krigande valkyrjer til høglydte feministar i 1970-åra?

Boka ser kritisk på sinne som maktmiddel, men er også ei hyllest til sunt sinne. Ho er skriven i solidaritet med dei kvinnene som ikkje torde å seie ifrå – men også med dei som aldri roa seg ned, og som difor har fått noko til å skje.  
Read more

Product details

ISBN
9788282263061
Published
2024-07-26
Edition
1. edition
Publisher
Agenda Res Publica media AS
Weight
277 gr
Height
187 mm
Width
127 mm
Thickness
21 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
246
Genre
Faglitteratur