Emnet for boka er rettslege yteplikter i formueretten. Viktigast er yteplikter som kviler på kontrakt, men yteplikter på andre grunnlag er òg omtala.

Boka har med reglane om inngåing, innhald og oppfylling av kontraktar og dessutan allmenne tema som renter, personskifte og forelding. Framstillinga dekkjer dermed område som gjerne blir omtala som avtalerett, kontraktsrett, obligasjonsrett og pengekravsrett.

Forfattaren legg hovudvekta på oversyn, omsyn og utsyn: Framstillinga gjev oversyn over reglane, set dei inn i ein vidare samanheng og viser kva omsyn reglane byggjer på. Utsyn til andre lands rett lettar forståinga av dei norske reglane og er dessutan praktisk nyttig når rettsforhold over landegrenser blir meir vanlege.

Saman med forfattarens bok Allmenn formuerett dekkjer framstillinga dei viktigaste delane av formueretten.

Read more

Product details

ISBN
9788202558086
Published
2017-06-29
Edition
1. edition
Publisher
Cappelen Damm AS
Weight
1320 gr
Height
240 mm
Width
170 mm
Thickness
41 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Number of pages
706
Genre
Faglitteratur