Media er eit bindeledd mellom enkeltmenneske og samfunnet og knyter oss til verda utanfor. Men på kva måtar bruker vi media, og korleis tolkar vi den mangfaldige og fragmenterte informasjonen dei gir oss? Og kva betyr media for samfunnsutviklinga? Dette er nokre av problemstillingane som blir tatt opp i denne innføringsboka i medievitskap. Etter å ha gitt ei oversikt over korleis media har utvikla seg, tar forfattarane for seg ulike typar innhald, bruksmønster og forskingperspektiv. Boka dekker heile mediefeltet og skildrar viktige trendar i dagens medielandskap, som konvergens, digitalisering, sosiale medium og informasjonsoverflod.
Ture Schwebs er professor ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking på Høgskulen på Vestlandet.
Brita Ytre-Arne er førsteamanuensis ved Institutt for informasjons- og medievitskap på Universitetet i Bergen.
Helge Østbye er professor emeritus ved Institutt for informasjons- og medievitskap på Universitetet i Bergen.
Read more
Product details
ISBN
9788234001574
Published
2020-04-15
Edition
8. edition
Publisher
Det Norske Samlaget
Weight
760 gr
Height
240 mm
Width
170 mm
Thickness
24 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Number of pages
360
Genre
Faglitteratur