Gjendikting ved Edvard Hoem. Tragedien om kong Lear er eit av William Shakespeares meisterverk. Den aldrande kong Lear ønsker å trekke seg tilbake samtidig som han vil halde på makta. Han vil dele alt han eig, mellom døtrene sine, Goneril, Regan og Cordelia. Men ikkje likt. Kor stor del kvar av dei får, vil bli bestemt ut frå kor høgt dei elskar han. Dei to eldste nyttar falsk smiger for å vinne farens gunst. Cordelia, den yngste og farens yndling, nektar å rose far sin for å oppnå fordelar, og blir forvist frå riket. Ønsket om smiger gjer kongen blind for svik, medan han mistrur kjærleik og skyver frå seg dei som er lojale. Det fører han sjølv og riket hans ut i den endelege katastrofen.
Read more
1. utg. 1981

Product details

ISBN
9788249518289
Published
2017-11-03
Edition
1. edition
Publisher
Forlaget Oktober AS
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Number of pages
188
Original title
King Lear
Genre
Skjønnlitteratur

Translated by