Ra. dikt om det omskiftelege i eksistensen. Merkur er guden for handel, marknad og rikdom i romersk mytologi. Han er også bodbringar mellom gudane og menneska si verd, ein trickster. I alkymien står planeten Merkur for kvikksølv, som representerer ånda, det kvinnelege og det flytande. Eit omskifteleg grunnstoff som kan danne amalgam og - meiner alkymistane - gull. I ein vekselvis gåtefull og direkte stil krinsar det lyriske eg-et i den amerikanske poeten Ariana Reines si tredje diktsamling rundt tema som skjønnheit, liding og det ustabile, og dekonstruerer dikotomien mellom det heilage og det verdslege. Med eit metaforregister henta frå alkymien blir religiøs og spirituell søking blanda saman med dragninga mot suksess og konsum under kapitalismen, i ei åndeleg drift etter å endre grunndelane i mennesket - å støype om frå bly til gull.
Read more

Product details

ISBN
9788252190359
Published
2019
Edition
1. edition
Publisher
Samlagsantikvariatet
Weight
506 gr
Height
240 mm
Width
172 mm
Thickness
20 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Number of pages
234
Original title
Mercury
Genre
Skjønnlitteratur

Translated by