Ein buss med ein død passasjer om bord kjem til Vågå. I Lom stig ei mystisk kvinne av ein annan buss. Fleire i bygda døyr ein brutal, brå død. Lensmann Sylfest Seljestad og betjent Jørgen Vold må løyse ei vanskeleg sak som har djupe røter i fortida. Da Kroken & Kolden debuterte i 2011 med Evig skal døden vera, blei boka utpeikt til vårens beste norske krim av Dagbladet. No er duoen tilbake med eit nytt mordmysterium. Er det noko eg hatar her i verda, så er det Lom, sa ho. Og nei, eg har aldri sett mine bein på den forbanna plassen att. Men gud kor eg har fantasert om å dra oppover og gjera kål på ein og annan. Det var verkeleg reint hat som sildra ut mellom leppene hennar. Ho såg på meg, blikket var fullt av forakt. Mange gonger etterpå har eg tenkt: Det var fortida som innhenta oss. Hevnen. Døden. Ja, det var døden som kom.
Read more
Product details
ISBN
9788252184013
Published
2013
Edition
1. edition
Publisher
Det Norske Samlaget
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Number of pages
251
Genre
Skjønnlitteratur
Author