Skarpt portrett av Noreg.
Agnes og dottera Maja på 6 år flyttar inn i eit hybelhus i eit vanleg norsk nabolag, utan nettverk, venner, pengar eller møblar. Gjennom eit par sommarmånader følgjer vi Agnes i forsøket på å etablere seg. Mens Maja speler Nintendo, bruker Agnes tida si på finn.no, på leit etter møblar og andre ting dei treng. I møte med alle dei nye menneska, borna i gata, mammabloggaren, politimannen, organisten og jusstudenten er det ofte ikkje meir enn ei kvit løgn som skal til for å få ting til å gli lettare. Men snart blir omgangen meir utfordrande, pengane minkar, og løgnene blir fleire når skulestart nærmar seg. Med eit fargerikt persongalleri, kostelege scener og eit utforskande alvor teiknar Marit Eikemo eit skarpt portrett av Noreg i dag og viser fram korleis vi lever i fellesskap og i einsemd - nedleste av ting, på evig jakt etter meir.
Read more
Product details
ISBN
9788252193701
Published
2018-03-23
Edition
3. edition
Publisher
Det Norske Samlaget
Weight
320 gr
Height
200 mm
Width
128 mm
Thickness
25 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Number of pages
319
Genre
Skjønnlitteratur
Author