Eit djuptpløyande portrett av ei verd i dramatisk endring I den tredje boka i Napoli-kvartetten, Dei som flyktar og dei som blir, har dei to jentene frå Mi briljante venninne og Historia om det nye namnet blitt kvinner. Elena giftar seg med ein akademikar og er ulykkeleg familiemor i Firenze, medan Lila kjempar for å overleve som lågtlønt fabrikkarbeidar, og tek del i kampen for betre arbeidsvilkår og meir demokrati i 1970-åra. Begge kvinnene har frå dei var barn, prøvd å sleppe unna livet i bydelen der dei voks opp, eit liv i fattigdom og ufridom. No drøymer Elena likevel om det livet Lila har. Dei som flyktar og dei som blir er ein roman om to kvinners liv i Italia i 1970-åra, tiåret prega av arbeidarkamp, klassereise og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre. Napoli-kvartetten er eit storverk om vennskap mellom kvinner, men dette er også forteljinga om Italia som nasjon og dei gjennomgripande endringane landet går gjennom frå 1950-åra og fram til i dag. Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.
Read more
Pseudonym

Product details

ISBN
9788252190243
Published
2017-05-29
Edition
2. edition
Publisher
Det Norske Samlaget
Weight
500 gr
Height
200 mm
Width
132 mm
Thickness
38 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Number of pages
500
Original title
Storia di chi fugge e di chi resta
Genre
Skjønnlitteratur

Translated by