I det heile ei bok som vart lese med stor glede og som heilt sikkert vil vekkja mange gode minne og attkjennande nikk, både lokalt og elles i landet.

- Jan Egil Fimreite, Sogn Avis

Ein medrivande oppvekstroman frå industribygda Årdal, innerst i Sognefjorden, på slutten av 1960-talet. Samfunnet og familieforholda er i forandring og skapar nye og ukjende utfordringar. Industrien, naturen og musikken blir vevd saman til ei tidsskildring som gjer historia autentisk og gjenkjennande. Hovudpersonen Vidar og venene hans fyller lesaren med humor, varme, kjærleik, sorg og lengsel. Musikken spelar ei sentral rolle i boka, både som drivkraft i handlinga og som tidsskildring.Balansekunstnaren Tell Teigen frå Høyanger, som også budde i Årdal, tilfører boka eit historisk, dokumentarisk tilleggs-perspektiv. Boktittelen «Langt der nede» er derfor eit bilde på denne våghalsen, samtidig som lesaren har ei medrivande kjensle av dei høge og bratte fjella, som omkransar denne bygda innerst inne i Sognefjorden, langt der nede.«Årdal, staden i Noreg der det vart seld flest Fiatar i høve til folketalet. Endeleg kjem det ei bok som dykker ned i dette spesielle samfunnet inst i Sognefjorden, der sosialdemokratiske draumar møter den nye pop- og rockekulturen, blanda med lukta frå smelteomnar og anodestøyperi. Odd Nygård vaks sjølv opp her, og har i boka Langt der nede skapt romankarakterar ut frå miljøet som forma han sjølv, på slutten av 1960-åra.»Morten Jentoft, journalist«Dei dramatiske hendingane i den store verda er bakteppet for Odd Nygård sin roman om ungdommar på veg inn i vaksenlivet i Årdal. ‘Langt der nede’ er forteljinga om heimbygda, både med eit kjærleg og reflekterande blikk.»Per Jon Odéen, journalist og forfattar
Read more

Product details

ISBN
9788284162560
Published
2025-04-22
Edition
1. edition
Publisher
Forlagshuset Vest AS
Weight
443 gr
Height
208 mm
Width
135 mm
Thickness
32 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
298
Genre
Skjønnlitteratur

Author