På jorda er vi glimtvis vakre er eit brev frå ein son til ei mor som ikkje kan lese, skrive då sonen, Veslehunden, er i slutten av tjueåra. Brevet avdekker ei familiehistorie som starta før han vart fødd - ei historie med røter i Vietnam - og opnar døra til delar av livet hans mora aldri har kjent til.

Romanen er både eit vitnemål om det krevjande, men ekte kjærleiksbandet mellom ei einsleg mor og sonen hennar, og ei nådelaus utforsking av rase, klasse og maskulinitet. Boka stiller spørsmål som står sentralt i den amerikanske notida, midt i ei verd prega av avhengigheit, vald og traume - men den er samtidig gjennomsyra av medkjensle og ømheit. Det handlar like mykje om krafta i å fortelje si eiga historie, som den øydeleggjande stilla når ein ikkje blir høyrd.

Med overveldande kraft og skjønnheit skriv Ocean Vuong om menneske som lever mellom ulike verdar, og spør korleis vi kan lege og redde kvarandre utan å miste oss sjølve. Spørsmålet om korleis ein kan overleve - og korleis ein kan finne ei form for glede i det - driv fram det som er ein av dei viktigaste debutromanane på mange år.

Read more
Kåra til ei av årets beste bøker av TIME, The New Yorker, The Guardian, The Washington Post, Vogue, Elle, GQ, Library Journal og ei rekkje andre tidsskrift.

Product details

ISBN
9788205617995
Published
2025-08-22
Publisher
Gyldendal Norsk Forlag AS
Weight
248 gr
Height
205 mm
Width
130 mm
Thickness
18 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Original title
On earth we're briefly gorgeous
Genre
Skjønnlitteratur

Author
Translated by