"Coen-brørne kunne ikkje gjort dette betre. Tormod Haugland har skrive ein av sine beste romanar … Han har vore god heile vegen, men eg trur kanskje eg aldri har synest han har vore betre enn no … Her er det full fyr på peisen. Det er berre å skru av alle varsel på telefonen, skjenke seg ein eggnog, og gjere seg klar til å knegge seg gjennom jule høgtida"

- Knut Hoem, NRK

"Dette er en drivende godt skrevet, stilsikker og særs underholdende roman, full av visdom og skjemt, alvor og pek, om livet, naturen, kjærligheten, tiden og døden, balanserende mellom draumkved og virkelighet. Tormod Haugland fortjener nok atskillig større oppmerksomhet enn han selv setter pris på"

- Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad

VINNAR AV LYTTERNES ROMANPRIS 2024

Ein sundag i hundedagane står odelsguten Tormod Kolbrunargard i tunet og ser mot gamlehuset. Han ser etter livsteikn frå farfaren og farmora. Foreldra har reist nordover, og syskena, Andremake og Jote, er heller ikkje heime. I ei veke har han styrt garden åleine, og han kjenner på ansvaret for dyra og ei bortkomen kvige. Han dreg for å leita, og hamnar i ein del av skogen som brått verkar framand. Han er jaga av minna frå kvelden før, då han følgde Eleonora på nabogarden Storjord heim. Både uroa og lysta slit i han, og nye møte gjer nattas drama endå meir krevjande.

Sirenene er ein underhaldande og drivande roman, dels folkeeventyr og fantastisk forteljing, ein gåtefull roman om tid, tradisjon og lengt, og om relasjonen mellom dyr og menneske, levande og døde.

Read more

Product details

ISBN
9788249530236
Published
2025-03-21
Edition
1. edition
Publisher
Forlaget Oktober AS
Height
205 mm
Width
130 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Number of pages
244
Genre
Skjønnlitteratur