Jon Fosse har omsett og gitt ut ei rekkje bøker på Skald. Felles for dei er at det er verk som han sjølv meiner har vore svært viktige for hans forfattarskap. I tillegg til moderne klassikarar, er han inspirert og oppteken av dei norske sogene, som han har omsett til nynorsk. I høve nobelprisen i litteratur gir vi ut begge sogene og dramaet Edda i ein eigen serie. Omslagsillustrasjonane er handteikna av Stefan Ellmer og inspirert av Codex Regius. «Soga om Torstein Vikingsson» fortel på fantastisk vis om Viking, bonden frå Sogn, og sonen Torstein. Vikingferda til far og son fører oss frå garden i Sogn, gjennom Noreg, Sverige og heilt til Indialandet. Torstein er far til Fridtjov den frøkne, helten frå ei av dei mest kjende norrøne sogene, «Soga om Fridtjov den frøkne» som er også er utgitt i denne serien. Begge er omsette frå gamalnorsk til nynorsk av nobelprisvinnar Jon Fosse. Denne handlingsmetta fornaldersoga frå mellomalderen er underhaldande lesnad med både hærferder, trolldom, kjærleik og hat.
Read more

Product details

ISBN
9788279593805
Published
2023-11-28
Edition
2. edition
Publisher
Skald AS
Weight
230 gr
Height
168 mm
Width
128 mm
Thickness
18 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
141
Original title
Soga om Torstein Vikingsson
Genre
Skjønnlitteratur

Translated by