Dramatisk jakt på miljøskurkar - ein båt krasjar i kaia utanfor fabrikken. Vanja, Sivert og Mo oppdagar oljesøl i fjorden, og dei kvite svanene har fått svart olje på seg. Stammar olja frå båten, eller forureiner nokon fjorden med vilje?
Kan det vere den rike fabrikkeigaren som kvittar seg med olja? Eller er det den mystiske assistenten hans, Luke, som står bak? Når ingen vaksne trur på det Vanja, Sivert og Mo fortel, må Klodeklubben ta saka i eigne hender.
«Dei svarte svanene» er første bok i «Klodeklubben» - ein heilt ny spenningsserie om miljø og klima for barn i alderen 6-9 år, skriven av Ruth Lillegraven og illustrert av Jens Kristensen. Boka inneheld ein bonusdel med miljøfakta frå Aftenpostens Ole Mathismoen.
I «Klodeklubben» finn vi Vanja, Sivert og Mo. Dei bur i ei lita bygd på Vestlandet. Men sjølv på ein liten stad kan mystiske ting skje. Bli med dei tre vennene på jakt etter miljøskurkar.
Read more
"Miljø-fakta med Ole Mathismoen" - Omslaget
Product details
ISBN
9788252198744
Published
2020
Edition
1. edition
Publisher
Det Norske Samlaget
Serie
Weight
347 gr
Height
213 mm
Width
154 mm
Thickness
15 mm
Age
6-9
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
97
Genre
Skjønnlitteratur
Author