Ei bok som gjer meg rasande [...] Aina Basso [får] unge lesarar til å reflektere over skam, skuld og straff. Om mykje heldigvis har endra seg dei siste hundreåra, så skader overgrep og maktmisbruk framleis livet til jenter verda over.
Vi skriv 2025. I USA sørgjer den nye presidenten for at det blir vanskelegare å ta abort.

Dét er ei avgjerd Aina Basso set i eit grelt perspektiv med den grundige og gode romanen «Før det blir morgon».

- Anne Cathrine Straume, NRK

Aina Basso skapar eit kyndig tidsbilete med klangbotn i vår tid. ...
«Før det blir morgon» er gjennomarbeidd skrivehandverk, så stødig utført at det kunne ha gått inn i læreboka som døme på korleis ein (ungdoms)roman kan skrivast. ... Språket i dei korte kapitla, med mykje luft imellom, er enkelt, korthogge, konkret, men samstundes med klangbotnar for både vare naturstemningar og illevarslande aningar

- Geir Pollen, Klassekampen

Historisk roman om skam, urett og overtruJosefa er femten år gammal då faren ror henne over fjorden der ho skal gå i teneste på storgarden Li. Trass i saknet etter familien trivst Josefa blant tenestefolka på garden, og særleg Sara blir ein nær ven.Men alt er ikkje like fint som det verkar på Li, og snart får Josefa erfare kva det er som ligg og ulmar under overflata. Før det blir morgon handlar om å vere ei ung jente i Noreg på 1700-talet.Aina Basso skildrar historia på ein sanseleg og truverdig måte. Det er noko tidlaust over måten ho skriv om kjenslene, tankane og draumane til Josefa på. Samstundes viser ho fram ein røyndom der dei fleste menneske var prisgitt overmakta.
Read more

Product details

ISBN
9788234013331
Published
2025
Publisher
Det Norske Samlaget
Weight
286 gr
Height
210 mm
Width
140 mm
Thickness
18 mm
Age
12-16
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
191
Genre
Skjønnlitteratur

Author
Cover design or artwork by