Den tredje boka i Skammarserien startar der Skammarteiknet sluttar. Skammaren og dei unge barna hennar Dina og Davin har søkt ly i huset sitt i Høglandet, men familien blir atter kasta ut i ein kamp for livet.
Det startar med at Dina møter ein framandkar på marknaden som viser seg å vere far hennar. Mora hadde meint å halde eksistensen hans hemmeleg, fordi han er Svartemeister. Han har slangens gåve, dvs.evna til å manipulere tankane til andre menneske. Og no er spørsmålet: Har Dina arva hans evne òg, liksom ho har arva moras evne til å sjå menneskas vonde samvit?
I botnen ligg grunnleggjande etiske spørsmål: Kven er vond, kven er god? Er farens interesse for Dina ekte, og er Davin villig til å kjempe til det yttarste mot tyranniet? Forfattaren skaper så levande personar og ei så intens spenning at både barn, unge og vaksne blir trollbundne. Den fjerde og siste boka, Skammarkrigen, er både like stor og like god som den tredje.
Forfattaren har fått fleire store prisar for heile serien, som no går sin sigersgang i 20 land.
Read more
Product details
ISBN
9788252188318
Published
2015-04-07
Edition
3. edition
Publisher
Det Norske Samlaget
Serie
Weight
386 gr
Height
200 mm
Width
128 mm
Thickness
31 mm
Age
12-16
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Number of pages
403
Original title
Slangens gave
Genre
Skjønnlitteratur
Author
Translated by