Dei som lengtar etter fleire bøker frå Lene Kaaberbøls hand, kan gle seg: Her kjem Sølvhesten, første boka i Katriona-serien! Sjangeren er fantasy, og allereie med denne serien hadde forfattaren stor suksess - før ho gjekk i gang med å skrive om Skammarens dotter, som no tusenvis av norske barn kjenner og elskar. I Sølvhesten møter vi den stridige, hissige og raudhåra jenta Katriona, som drøymer om éin gong å få sin eigen marehest og bli ein av sølvryttarane - bredinari.. Dei rir rundt over heile landet med bodskapar og brev, og nokon gonger også med hjelp til folk som har hardt bruk for det. Den dagen sølvryttaren frå Breda rir inn på gardsplassen ved Teresas kro, blir det vendt opp ned på Katrionas tilvære. Men det er ikkje lett for ei jente frå Tre Dalar å finne seg til rette i storbyen Breda - særleg ikkje når ein har så farlege fiendar som Hermelinen.
Read more

Product details

ISBN
9788252165876
Published
2005
Edition
1. edition
Publisher
Det Norske Samlaget
Weight
310 gr
Height
212 mm
Width
135 mm
Thickness
16 mm
Age
12-16
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
156
Original title
Sølvhesten
Genre
Skjønnlitteratur

Translated by