Vi er i Noreg i år 5000 før vår tidsrekning. Visste du at menneska måtte fange all maten dei skulle ete sjølv? Og at det å gå på jakt kunne vere livsfarleg? Korleis trur du det går når to små gutar skal fange den store bjørnen?
HISTORIER I SAMFUNNSFAG gir deg innblikk i korleis det var å leve i ulike periodar av verdshistoria. Ti spennande historier som strekker seg frå steinalderen til renessansen tek lesaren med på ei magisk tidsreise. Alle historiene finst på tre forskjellige lesenivå og som digitale bøker med innlesen tekst. Bøkene inneheld ei spennande historie og interessante faktasider.
I denne pakken får du tre bøker. Forteljinga er den same, men fortald på tre ulike lesenivå: 3 - lett, 4 - middels og 5 - høgt. Dette gir læraren moglegheit til å drive differensiert undervisning i klasserommet på ein måte som inkluderer og passar alle.
Kombinerer du klassesettet med HISTORIER I SAMFUNNSFAG Digital lærarressurs, får du dessutan tilgang til spennande undervisningsopplegg og materiale som gjer opplevinga og arbeidet med bøkene endå rikare.
Read more
Product details
ISBN
9788211037565
Published
2020-02-06
Publisher
Vigmostad & Bjørke AS
Weight
1254 gr
Height
230 mm
Width
325 mm
Thickness
25 mm
Age
9-12
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Skolemateriell
Illustrated by